– Vi ønska å setje fokus på arbeidsleiararrolla
Industribedriften Vik Ørsta er i ferd med å avslutte lederprogrammet i samarbeid med Folkeuniversitetet. Kurset har pågått i et år. Les om deres erfaringer.
Vik Ørsta sine arbeidsleiarar er sentrale leiarar i bedrifta. Dei opplever ofte at dei kan stå i krysspress med forventningar frå både medarbeidarar og leiarar, og dette krysspresset kan opplevast som utfordrande. I tillegg er fleire av arbeidsleiarane internt rekrutterte som har gått frå å vere likestilte kollega til å skulle leie avdelinga.
Vi ønska å setje fokus på arbeidsleiararrolla og gi medarbeidarane eit teoretisk og praktisk grunnlag for å lettare kunne handtere utfordringar og bli trygge i rolla si. Ressursmessig er dette ei stor satsing for oss, og vi hadde eit sterkt ønske og behov for å sikre at arbeidsleiarane fekk den kompetansen dei trengde. Dermed vart eit kompetansehevingsprosjekt spesialtilpassa av Østlyng og Bjerke, i samarbeid med Folkeuniversitetet sett i verk.
Fire samlingar med ulike tema vart planlagt, med fleksibilitet i endring av tema. Dette har gjort at vi kunne gjere endringar etter vårt behov, og Østlyng og Bjerke har imøtekome desse behova på ein smidig og profesjonell måte. Den industrielle bakgrunnen til Terje Østlyng, i kombinasjon med teoretisk kunnskap frå han og hans medarbeidarar gjorde at arbeidsleiarane kjende seg forstått og bodskapen var gjenkjennbar.
Oppsummert er vi godt nøgde med både planlegging, endringsvilje og gjennomføring av kompetansehevingsprosjektet og gler oss til å ta over stafettpinnen og ta arbeidet vidare internt.
Ann Helen Korsfur Krøvel
Viseadministrerande direktør/HR-sjef i Vik Ørsta